Problem med internett-samband
Incident Report for iteam 2 AS
Resolved
Dei fleste linjer, tenester og kundar er oppe. KBand opplever framleis enkelte små problem som vi veit dei jobbar med, men på vårt datasenter er alt ok.
Posted Mar 22, 2023 - 23:21 CET
Monitoring
Linjene er no oppe att. Vi har ikkje fått melding om at arbeidet til Kband er endeleg avslutta, men alt ser ut til å fungera.
Posted Mar 22, 2023 - 14:24 CET
Update
Vi beklagar ulempa for våre kundar, men det er ikkje noko vi kan gjera anna enn å venta. Vi har dialog med KBand. Dei er i ferd med å erstatta defekt utstyr, og dette tek noko tid, men vi har grunn til å tru at dei kjem i mål i løpet av dagen, i alle fall. Dette er våre vurderingar og ikkje ei offisiell rettetid frå Kband. Oppdateringane deira på https://status.kband.no kjem no nedst på sida under "Utfall breibandstenester - onsdag 22.3 (feil på teknisk utstyr)", eller på denne adressa: https://status.kband.no/maintenance/187774
Posted Mar 22, 2023 - 10:28 CET
Update
Vi har ingen informasjon om rettetid frå Kband. Men vi kan seia at når det tek så lang tid, så er dette svært atypisk og urovekkjande. Vi prøver å få meir informasjon og tilrår at ein føl med på https://status.kband.no. (Scroll ned på sida for informasjon om "Utfall alle tenester" i dag.)
Posted Mar 22, 2023 - 09:37 CET
Update
Kvinnherad Breiband er klar over feilen og jobbar med saka. https://status.kband.no/incident/187649
Posted Mar 22, 2023 - 06:42 CET
Identified
Vår internett-leverandør Kvinnherad Breiband ser ut til å ha problem med sitt samband ut til omverda. Difor er det ingen (utanfor kommunen) som når våre tenester. Vi er i kontakt med dei for å få meir informasjon, og kjem tilbake med meir informasjon når vi kan. Ein kan også sjå informasjon på deira status-side https://status.kband.no.
Posted Mar 22, 2023 - 06:27 CET
This incident affected: Datasenter.